onsdag 20. desember 2023

Ein litt uvanleg start på dagen

Vanleg start på dagen

Ein dag startar reint transportmessig vanlegvis med at eg pakkar powerbanken ned i sekken, tek med meg sekk, sykkelhjelm og tøy som høver til vêret og ein sykkeltur, får skyss med kona til Bystasjonen eller deromkring, tek bysykkel siste 1,5 km til jobb, stemplar inn og set powerbanken på ladeing slik at den er klar for dagens utfordringar etter arbeidstid. Av og til vert sykkelturen avbrutt av eit ærende i ein butikk e.a. der eg anten parkerer sykkelen i eit stativ for å fortsetja med den eller ein annan sykkel i stativet etter ærendet, eller eg set den på pause for å henta den samme med meg på resten av turen.

Alternativ start på dagen.

Problema i dag starta eigentleg i går. Fordi me skal ha med oss småfolk på førjulstreffet, var eg ekstra lur i går og sette inn barnesetene i bilen til yngstemann som skal henta småfolket i barnehagen i dag. Vidare gløymde eg å leggja powerbanken i sekken i dag tidleg, så den låg att heime.

I dag skulle eg levera ein julepresang på vegen pluss at eg hadde med meg litt penare sko til restaurant-basert førjulstreff rett etter jobb. Det var ikkje plass til både sko og presang i sekken, så eg planla å ha presangen i sekken første delen av sykkelturen og skoa i sekken andre delen.

Så langt alt vel, såvidt eg kjende til. Eg vurderte om eg skulle gå første delen til jobb, men derfrå var det langt å gå til neste bysykkelstativ (med minst 1 ledig sykkel), så eg valde å ta sekken på ryggen og skoa i sykkel-korga og bruka pause-funksjonen på adressa for julepresang-leveransen. Akkurat denne gongen fungerte ikkje pause-funksjonen, så eg tok sjansen på at den fekk stå i fred på dette korte ærendet.

Ute på gata igjen skulle eg putta skoa i sekken (burde sjølvsagt gjort det før eg gjekk inn), men der var verken sykkel eller sko. Litt stressa såg eg meg rundt og gjekk litt fram og tilbake medan eg hadde dialog med Bergen Bysykkel som skulle prøva å spora opp sykkelen, og fann ut at det beste var å bevega meg i retning jobben.

Vel framme på kontoret fekk eg endeleg melding om at sykkelen stod i ro i Vågsbunnen ein kilometer frå jobben. Eg kasta meg rundt og la på sprang (som etterkvart gjekk over i rask gange) og fann sykkelen utan sko rett ved ei gruppe typiske Vågsbunn-folk. Ingen av dei hadde sett skoa, så eg tenkte at noko sikkert hadde betre bruk for dei enn eg (sånn rett før jul) og sykla sykkelen tilbake på jobben og fekk sett den i eit skikkeleg stativ.

Endeleg tilbake på kontoret ringer yngstemann og lurar på om eg veit kvar bilnøkkelen hans er. Med bange aningar kjenner eg etter i jakkelomma, og der ligg nøkkelen til den bilen han skal henta småfolket med. Fordelen med samtalen er at han lovar å lada powerbanken som ligg heime, og eg lovar å koma med bilnøkkelen så snart eg kan. Det går forsåvidt greit. Eg låner bilen til ein kollega (må rett nok sykla - med bysykkel til der kollegaen bur - på Møllendal 3,5 km unna) og kjører 16 km kvar veg med bilnøkkelen hans tidsnok til lunsj med gode kollegaer (og kollegaen sin bil parkert på ein annan kollega sin p-plass på jobben - så slapp eg å sykla tilbake frå Møllendal).

Etterpå

Framleis er eg litt skjelven og eit par sko fattigare men minst 5-6 opplevingar rikare.