onsdag 20. desember 2023

Ein litt uvanleg start på dagen

Vanleg start på dagen

Ein dag startar reint transportmessig vanlegvis med at eg pakkar powerbanken ned i sekken, tek med meg sekk, sykkelhjelm og tøy som høver til vêret og ein sykkeltur, får skyss med kona til Bystasjonen eller deromkring, tek bysykkel siste 1,5 km til jobb, stemplar inn og set powerbanken på ladeing slik at den er klar for dagens utfordringar etter arbeidstid. Av og til vert sykkelturen avbrutt av eit ærende i ein butikk e.a. der eg anten parkerer sykkelen i eit stativ for å fortsetja med den eller ein annan sykkel i stativet etter ærendet, eller eg set den på pause for å henta den samme med meg på resten av turen.

Alternativ start på dagen.

Problema i dag starta eigentleg i går. Fordi me skal ha med oss småfolk på førjulstreffet, var eg ekstra lur i går og sette inn barnesetene i bilen til yngstemann som skal henta småfolket i barnehagen i dag. Vidare gløymde eg å leggja powerbanken i sekken i dag tidleg, så den låg att heime.

I dag skulle eg levera ein julepresang på vegen pluss at eg hadde med meg litt penare sko til restaurant-basert førjulstreff rett etter jobb. Det var ikkje plass til både sko og presang i sekken, så eg planla å ha presangen i sekken første delen av sykkelturen og skoa i sekken andre delen.

Så langt alt vel, såvidt eg kjende til. Eg vurderte om eg skulle gå første delen til jobb, men derfrå var det langt å gå til neste bysykkelstativ (med minst 1 ledig sykkel), så eg valde å ta sekken på ryggen og skoa i sykkel-korga og bruka pause-funksjonen på adressa for julepresang-leveransen. Akkurat denne gongen fungerte ikkje pause-funksjonen, så eg tok sjansen på at den fekk stå i fred på dette korte ærendet.

Ute på gata igjen skulle eg putta skoa i sekken (burde sjølvsagt gjort det før eg gjekk inn), men der var verken sykkel eller sko. Litt stressa såg eg meg rundt og gjekk litt fram og tilbake medan eg hadde dialog med Bergen Bysykkel som skulle prøva å spora opp sykkelen, og fann ut at det beste var å bevega meg i retning jobben.

Vel framme på kontoret fekk eg endeleg melding om at sykkelen stod i ro i Vågsbunnen ein kilometer frå jobben. Eg kasta meg rundt og la på sprang (som etterkvart gjekk over i rask gange) og fann sykkelen utan sko rett ved ei gruppe typiske Vågsbunn-folk. Ingen av dei hadde sett skoa, så eg tenkte at noko sikkert hadde betre bruk for dei enn eg (sånn rett før jul) og sykla sykkelen tilbake på jobben og fekk sett den i eit skikkeleg stativ.

Endeleg tilbake på kontoret ringer yngstemann og lurar på om eg veit kvar bilnøkkelen hans er. Med bange aningar kjenner eg etter i jakkelomma, og der ligg nøkkelen til den bilen han skal henta småfolket med. Fordelen med samtalen er at han lovar å lada powerbanken som ligg heime, og eg lovar å koma med bilnøkkelen så snart eg kan. Det går forsåvidt greit. Eg låner bilen til ein kollega (må rett nok sykla - med bysykkel til der kollegaen bur - på Møllendal 3,5 km unna) og kjører 16 km kvar veg med bilnøkkelen hans tidsnok til lunsj med gode kollegaer (og kollegaen sin bil parkert på ein annan kollega sin p-plass på jobben - så slapp eg å sykla tilbake frå Møllendal).

Etterpå

Framleis er eg litt skjelven og eit par sko fattigare men minst 5-6 opplevingar rikare.

onsdag 24. mai 2023

Bilstans utan mobiltelefon

Eit lite tilbakeblikk på ein historie frå tidleg på 90-talet - den gongen mobiltelefonen ikkje var ein venleg ting å ha.

På denne tida var det slik at når nokon skulle avtala å møtast. måtte slik avtale gjerast slik at begge partar visste kvar og kortid dette skulle skje. Dersom noko uføresett skulle intreffa var det ogaå lurt å ha ein plan B på lur. Av og til skjer ting litt meire spontant der ein ikkje heilt innser at det er behov for verken plan A eller B, for ein skal berre nett ned i vegen...

Familien på 3 var på veg heim frå Osterøy til Fyllingsdalen ein søndag ettermiddag. Eg køyrde bilen som var i ferd med å gå tom for bensin. Men eg visste kor langt ned nåla på bensinmålaren pleide å gå, og det var enno eit stykke igjen. Litt pussig at den ikkje flytta seg i det heile tatt, men eg tok det som eit teikn på lavt forbruk og at det framleis var ein del igjen på tanken.

Omlag midtvegs i Eidsvågstunnelen sitt sørgåande løp viste det seg at det var heilt tomt på tanken. Derifrå er det 800-900 meter til næraste bensinstasjon (rett sør for tunnelen). Eg tok med meg ei reservekanne og gjekk ned dit å kjøpa bensin. Ulempa var at stasjonen var stengt, kun høve bankkort-betaling, bank-kontoen tom, og eg hadde ingen mulighet til å få betalt med dei kontantane eg hadde på meg.

To folk i ein bil som nettopp hadde fylt ferdig såg at eg stod der litt rådvill og lurte på om eg trengte hjelp. Eg fortalde om situasjonen, og dei tilbydde meg skyss til næraste bensinstasjon 1,5 km. unna. Eg takka ja, men det viste seg då me kom dit at også den var stengt. Herfrå var det 4 km til neste stasjon, og også dit fekk eg tilbod om skyss. Eg tenkte at det var lenge for kona mi å sitja å venta i bilen i tunnelen, men vurderte at det var betre å få skaffa bensin så fort som råd enn å dra tilbake og gje beskjed og deretter dra ut på leiting igjen.

Me køyrde derfor til (den no nedlagte) stasjonen i Håkonsgaten. Den var open og med personale som kunne ta kontantar. Eg fylte opp kanna, takka sjåførane så mykje for hjelpa og gjekk inn for å betala. Då eg kom ut igjen var dei der framleis og lurte på om eg ville ha skyss tilbake til tunnelen. Overvelda takka eg igjen ja til dette endå meir generøse tilbodet. Me måtte då tilbake til tunnelen, gjennom nordgåande løp og tilbake til bilen i sørgåande, ein strekning på ytterlegare 10 kilometer.

I mellomtida hadde kona mi fått hjelp av ein annan trafikant som meinte at det var ugunstig å stå slik midt i tunnelen. Ho forklarte at eg var ute for å skaffa bensin, men han tilbydde seg å slepa bilen ut av tunnelen og ned til bensinstasjonen. Også ho hadde kun kontantar, og fekk i utgangspunktet ikkje fylt bensin på tanken, men sjåføren i den andre bilen tilbydde seg å bruka sitt eige bankkort, og så kunne ho betala han i kontantar.

På dette tidspunktet var alle happy, meir eller mindre. Eg hadde fått bensin og var på veg til der eg trudde bilen var. Bjarnhild hadde også fått bensin men lurte på kvar eg var og kvar eg ville dukka opp. Det sikraste var nok å kjøre gjennom tunnelen att (både nord- og sør-over) og stilla seg opp like utanfor tunnelopninga, for uansett måtte eg jo tilbake dit.

På same tida ver eg på veg tilbake i nord- og sørgåande løp, men fann naturleg nok ingen bil. Eg bad derfor mine reddande englar om å setja meg av på den første bensinstasjonen, for uansett kva som hende, så vart det det sikre punktet å dukka opp på. Kona mi på si side stod ganske snart etter rett utanfor tunnel-løpet og venta på at eg skulle koma henne i møte der sidan det var einaste vegen til det sikre punktet i tunnelen.

Slik vart me ståande. Ganske lenge. Frå tid til anna gjekk eg til næraste telefonkiosk for å ringa heim. For eg tenkte at dersom ho ikkje kom til bensinstasjonen, måtte ho til slutt heim. Det begynte også å verta seint, og gutten i baksettet burde vore i seng. Til slutt innsåg ho også at det var ingen vits å stå der å venta. Ho resite derfor heim og kunne ta telefonen når eg ringte heim frå telefonkiosken (for 3. eller 4. gong).

Historia enda bra. Alle visste kvar alle var. Eg måtta ta bussen heim. Bussjåføren var ikkje heilt happy med bensin som håndbagasje, men eg gav han kortversjonen av historien og fekk både sympati og reiseløyve.

Omlag fem år seinare kjøpte me mobiltelefon.