fredag 4. oktober 2013

Mat på avvegar

Vanlege rutinar

Til vanleg har eg morgon-rutinar og lunsj-rutinar som er såpass samkjørte at eg ved lunsj-tider kan setja meg ned i kantina med matboksen og eta medbragt mat. Innimellom skjer det ting som endrar på dette. Så skjedde i dag.

Avvik

Eg har ingen spesielle minner om avvik i morgon-rutinane, men oppdagar då eg tek lokket av matboksen at den er tom for mat, kun smular frå i går. Alle kollegaer ser forbausa på meg og lurar på kva som har skjedd med maten min.

Eiga forklaring

Eg resonnerer tilbake og seier at eg nok har gløymd å leggja maten i boksen om morgonen før eg pakka den i sekken. Alle lurar på om eg er sikker på om det er akkurat det som har skjedd. Eg fortel at "jau, eg hugsar at eg akkurat i dag smurde maten min og fann matboksen utanfor oppvaskmaskina og kunne konstatera at den ikkje hadde vore med i vasken som me sette på i går kveld. Deretter pakka eg boksen i sekken og tok den med på jobb. No var den altså tom, ergo har eg gløymd å ha maten oppi boksen før eg tok den med".

Aksept

Alle er samde i at dersom eg kan gjera så godt greie for mi handtering av matboksen denne dagen, så må det nok vera slik. Mine skildringar av morgon-rutinar plar vekkja begeistring i kollegiet, så også denne gongen. Kanskje litt i overkant muntert denne dagen, utan at eg finner nokon grunn til å analysera dette, men er nok ein gong tilfreds med å nyta stor merkesemd rundt lunsj-bordet.

Oppklaring

Tilbake på kontoret vert eg møtt av dette synet:
I stor undring må eg konstatera at eg visstnok har tatt maten ut av matboksen før eg gjekk til lunsj. Igjen vekkjer dette i overkant begeistring mellom mine kollegaer. Igjen vert eg møtt med skepsis til om eg er sikker på at det er det som har skjedd.

Endeleg forklaring

Til sist klarar dei ikkje å halda tilbake. Eg hadde i forkant av lunsjen sett frå meg matboksen i kantina og gått tilbake på kontoret då eg såg at kaffien ikkje var klar. Utan tilsyn har dermed matboksen stått mellom mine gode kollegaer i kantina, lagleg utsett for sprelske påfunn. I dette tilfellet altså flytta innhaldet i boksen før eg kom til lunsj og leggja det inn på kontorpulten før eg kom tilbake. Eg merkar eg er litt letta*) over at eg ikkje sjølv hadde rota det til denne gongen, men samstundes uroa over at eg ikkje hadde lukta lunta lenge før.

Konsekvens

Eg vil nok i tida framover bli (og har allereide blitt) møtt med skepsis til eigne forklaringar på ymse fenomener. T.d. "Korleis har brillene mine vorte så møkkete? Eg pussa dei jo i dag tidleg!". "Er du sikker på det?". Jaja, godt at det er haustferie neste veke...

*) nevnte lettelse (og for så vidt uro) gav seg nødvendigvis ikkje til kjenne før den verste krampelatteren hadde lagt seg.