onsdag 2. juli 2014

Å, nei! Er det gratis fremdeles?

I førre veke overraska eg meg sjølv med dette spontane utbruddet. Det er jo i seg sjølv ei nokså absurd utsegn, men i den gitte situasjonen fall det heilt naturleg.
 
La det vera heilt klart: Dette handlar ikkje om ei teneste eller liknande som eg hadde håpt å tena pengar på og brått oppdaga at framleis skal vera gratis. Det er altså ikkje eit uttrykk for vonbrott over akutt vidareført manglande pengestraum.
 
Dette skriver seg tilbake til desember i fjor då eg på nytt innsåg at min mobil var klar for å verta erstatta. På den gamle hadde eg installert ein alternativ kalender, då den førehandsinstallerte mangla ei rekke valg som er nokså viktige i forhold til synkronisering av jobb-kalenderen i Outlook. Spesielt handla dette om ledige/opptatte tidspunkter og høve til å merka avtalar som private.
 
Stor var derfor begeistringa då eg oppdaga at den nye hadde begge desse funksjonane som standard og at avtalane hadde alle status-markeringane frå Outlook ("Ledig", "Opptatt", "Fraværende" og "Foreløpig").
 
Hurra.
 
Einaste skåret i gleda var at desse status-markeringane tydelegvis var omsett frå engelsk. Og neppe av ein nordmann. Ein nordmann ville ha sett den logiske bristen straks.
 
Eg prøvde å melda tilbake det avviket eg hadde funne, men HTC hadde ikkje noko mottak for slike tilbakemeldingar. Eg gjekk derfor inn på chat-en til HTC sin kundestøtte og la fram mine meiningar der. Avslutningsvis "sa" eg "Looking forward to the next update...".
 
Next update kom i førre veke. Eg rydda mobilen fri for app-ar som låg i vegen for oppdatering og sette i gang. Straks etter oppdateringa kasta eg meg over kalenderen for å sjå om dei hadde klart å omsetja "Free" med "Ledig":
 
 

"Å, nei! Er det gratis fremdeles?"
 
Heile chat-en med HTC kan spesielt interesserte sjekka her.

fredag 4. oktober 2013

Mat på avvegar

Vanlege rutinar

Til vanleg har eg morgon-rutinar og lunsj-rutinar som er såpass samkjørte at eg ved lunsj-tider kan setja meg ned i kantina med matboksen og eta medbragt mat. Innimellom skjer det ting som endrar på dette. Så skjedde i dag.

Avvik

Eg har ingen spesielle minner om avvik i morgon-rutinane, men oppdagar då eg tek lokket av matboksen at den er tom for mat, kun smular frå i går. Alle kollegaer ser forbausa på meg og lurar på kva som har skjedd med maten min.

Eiga forklaring

Eg resonnerer tilbake og seier at eg nok har gløymd å leggja maten i boksen om morgonen før eg pakka den i sekken. Alle lurar på om eg er sikker på om det er akkurat det som har skjedd. Eg fortel at "jau, eg hugsar at eg akkurat i dag smurde maten min og fann matboksen utanfor oppvaskmaskina og kunne konstatera at den ikkje hadde vore med i vasken som me sette på i går kveld. Deretter pakka eg boksen i sekken og tok den med på jobb. No var den altså tom, ergo har eg gløymd å ha maten oppi boksen før eg tok den med".

Aksept

Alle er samde i at dersom eg kan gjera så godt greie for mi handtering av matboksen denne dagen, så må det nok vera slik. Mine skildringar av morgon-rutinar plar vekkja begeistring i kollegiet, så også denne gongen. Kanskje litt i overkant muntert denne dagen, utan at eg finner nokon grunn til å analysera dette, men er nok ein gong tilfreds med å nyta stor merkesemd rundt lunsj-bordet.

Oppklaring

Tilbake på kontoret vert eg møtt av dette synet:
I stor undring må eg konstatera at eg visstnok har tatt maten ut av matboksen før eg gjekk til lunsj. Igjen vekkjer dette i overkant begeistring mellom mine kollegaer. Igjen vert eg møtt med skepsis til om eg er sikker på at det er det som har skjedd.

Endeleg forklaring

Til sist klarar dei ikkje å halda tilbake. Eg hadde i forkant av lunsjen sett frå meg matboksen i kantina og gått tilbake på kontoret då eg såg at kaffien ikkje var klar. Utan tilsyn har dermed matboksen stått mellom mine gode kollegaer i kantina, lagleg utsett for sprelske påfunn. I dette tilfellet altså flytta innhaldet i boksen før eg kom til lunsj og leggja det inn på kontorpulten før eg kom tilbake. Eg merkar eg er litt letta*) over at eg ikkje sjølv hadde rota det til denne gongen, men samstundes uroa over at eg ikkje hadde lukta lunta lenge før.

Konsekvens

Eg vil nok i tida framover bli (og har allereide blitt) møtt med skepsis til eigne forklaringar på ymse fenomener. T.d. "Korleis har brillene mine vorte så møkkete? Eg pussa dei jo i dag tidleg!". "Er du sikker på det?". Jaja, godt at det er haustferie neste veke...

*) nevnte lettelse (og for så vidt uro) gav seg nødvendigvis ikkje til kjenne før den verste krampelatteren hadde lagt seg.

lørdag 12. januar 2013

Eg har slått Eldar i Wordfeud

Eg har slått Eldar i Wordfeud. Dette er heilt unikt. Eg låg først 8 bak, la så R-en i URDU og gjekk 2 forbi, før Eldar medle pass og eg sette inn T-en i DITT og fekk 5 poeng pluss Eldar sitt minus-poeng, og slo han grundig ned i støvlane!

fredag 21. september 2012

Kjør forsiktig med saus

Min befatning med worcestersaus var inntil i går at den kan gje veldig mange poeng i Wordfeud. Men i går vart eg altså utfordra på Facebook til å "Grab the closest book to you, turn to page 52, post the 5th sentence as your status. Don't mention the title. Copy the rules as part of your status." i høve International Book Week. Der stod følgjande setning: "Ha tomatsaften og worcestershiresausen i en kjøkkenmaskin eller en blender, og kjør forsiktig til væskene har blandet seg."

Dette har medført ein del konkrete avklaringsbehov i kommentarfeltet.
T.d.:
  • Siw: "ingen av mine nærmeste bøker har så mye som 52 sider"
  • Nils Ivar: "det med å kjøre forsiktig til væskene har blandet seg, på veien fra Morland er det så humpete vei at alle væsker blander seg veldig fort. Så da er det full fart etterpå! Dessverre har jeg sjelden blenderen med i bilen. Men Øyvind, du er jo kjent for å sykle og svømme? Mener å ha sett noe i media i sommer om å blande væsker mens man svømmer. Men blenderen på sykkel? Dette må vi få vite mer om!"
  • Kenneth: "si meg Øyvind pleier du å være på facebook på kjøkkenet?"
Vel!
  • Siw: Det er eit beklageleg faktum og ein stor svakhet med denne typen oppfordringar at det i enkelte tilfeller ikkje lar seg gjera. Det er heilt tilfeldig kor mange sider næraste bok har. Eg hugsar då eg hadde arbeidsveke på biblioteket og alle bøker skulle stemplast på omslaget og på side 51. Ikkje alltid like lett, nei.
  • Nils Ivar: Som tidlegare representant for vegstyresmaktene må eg på det sterkaste sei at ein alltid skal kjøra forsiktig og innanfor rammene av lovverket. Elles er det begrensa kor mykje saus ein kan få med seg på symjetur (sjølv om ein plastpose knytt til refleksvesten surra rundt hovudet har vist seg effektivt ift. å frakta mat tørt over fjorden), men på sykkelen er det alltid plass til ein ting til. Har aldri sykla med saus, men har hatt ei kartong med ei skål karamellsaus festa til styret, og då vart væskene godt blanda.
  • Kenneth: Eg pleier å lada mobilen på kjøkkenet. Eg pleier å sjekka Facebook når eg setjer mobilen på lading. Men eg er aldri på Facebook på kjøkkenet. Kjøkkenet er plassen for mat.
Vel! Det er så mykje meir ein kunne ha sagt. Men det er framfor alt så mykje mindre ein kunne ha sagt. Så er trur eg sluttar medan leken er på hell.

mandag 27. august 2012

Sykkel-erfaring

Tidlegare erfaring:
Når spilane (eikene) på sykkelhjylet losnar, har hjulet lett for å verta skeivt.

Ny erfaring:
Når du syklar med skeivt bakhjul og lause spilar i høg fart ned ein bratt og våt bakke, og ein av dei (spilane) etterkvart finner vegen inn til deler av sykkelen som ikkje går rundt, då stoppar bakhjulet medan sykkelen fortset sidelengs nedover bakken. Dette kan t.d. skje i gang- og sykkel-bakken ovanfor Sotra Bruk mellom Storevarden og Arefjordvegen.

fredag 17. februar 2012

Autoriserte ideologiske fastlegar

Endeleg kan me gå til legen og vera trygg på at han forfektar ein statsautorisert ideologi!

onsdag 1. februar 2012

Posten sliter

For 15-20 år sidan såg Posten at digital kommunikasjon var i ferd med å ta over for papirbasert. Dei prøvde då å tilby universelle epost-adresser som skulle vera faste livet ut og verta brukte som vidaresendings-sentral til private kontoar uavhengig av leverandør.

Dette slo ikkje an, sannsynlegvis mest grunna dei uforståelege adressene ein fekk tildelt.

No tilbyr dei digipost som ein meir offisiell digital postkasse med identifisering av avsendar og mottakar. Det gjekk litt tregt i starten, men såg akkkurat ut til å løsna litt. Me såg at Posten var i ferd med å få eit skikkeleg hegemoni innan digital kommunikasjon.

Så kom Wordfeud...