Tidlegare erfaring:
Når spilane (eikene) på sykkelhjylet losnar, har hjulet lett for å verta skeivt.
Ny erfaring:
Når du syklar med skeivt bakhjul og lause spilar i høg fart ned ein bratt og våt bakke, og ein av dei (spilane) etterkvart finner vegen inn til deler av sykkelen som ikkje går rundt, då stoppar bakhjulet medan sykkelen fortset sidelengs nedover bakken. Dette kan t.d. skje i gang- og sykkel-bakken ovanfor Sotra Bruk mellom Storevarden og Arefjordvegen.
mandag 27. august 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)