onsdag 20. desember 2023
Ein litt uvanleg start på dagen
onsdag 24. mai 2023
Bilstans utan mobiltelefon
Eit lite tilbakeblikk på ein historie frå tidleg på 90-talet - den gongen mobiltelefonen ikkje var ein venleg ting å ha.
På denne tida var det slik at når nokon skulle avtala å møtast. måtte slik avtale gjerast slik at begge partar visste kvar og kortid dette skulle skje. Dersom noko uføresett skulle intreffa var det ogaå lurt å ha ein plan B på lur. Av og til skjer ting litt meire spontant der ein ikkje heilt innser at det er behov for verken plan A eller B, for ein skal berre nett ned i vegen...
Familien på 3 var på veg heim frå Osterøy til Fyllingsdalen ein søndag ettermiddag. Eg køyrde bilen som var i ferd med å gå tom for bensin. Men eg visste kor langt ned nåla på bensinmålaren pleide å gå, og det var enno eit stykke igjen. Litt pussig at den ikkje flytta seg i det heile tatt, men eg tok det som eit teikn på lavt forbruk og at det framleis var ein del igjen på tanken.
Omlag midtvegs i Eidsvågstunnelen sitt sørgåande løp viste det seg at det var heilt tomt på tanken. Derifrå er det 800-900 meter til næraste bensinstasjon (rett sør for tunnelen). Eg tok med meg ei reservekanne og gjekk ned dit å kjøpa bensin. Ulempa var at stasjonen var stengt, kun høve bankkort-betaling, bank-kontoen tom, og eg hadde ingen mulighet til å få betalt med dei kontantane eg hadde på meg.
To folk i ein bil som nettopp hadde fylt ferdig såg at eg stod der litt rådvill og lurte på om eg trengte hjelp. Eg fortalde om situasjonen, og dei tilbydde meg skyss til næraste bensinstasjon 1,5 km. unna. Eg takka ja, men det viste seg då me kom dit at også den var stengt. Herfrå var det 4 km til neste stasjon, og også dit fekk eg tilbod om skyss. Eg tenkte at det var lenge for kona mi å sitja å venta i bilen i tunnelen, men vurderte at det var betre å få skaffa bensin så fort som råd enn å dra tilbake og gje beskjed og deretter dra ut på leiting igjen.
Me køyrde derfor til (den no nedlagte) stasjonen i Håkonsgaten. Den var open og med personale som kunne ta kontantar. Eg fylte opp kanna, takka sjåførane så mykje for hjelpa og gjekk inn for å betala. Då eg kom ut igjen var dei der framleis og lurte på om eg ville ha skyss tilbake til tunnelen. Overvelda takka eg igjen ja til dette endå meir generøse tilbodet. Me måtte då tilbake til tunnelen, gjennom nordgåande løp og tilbake til bilen i sørgåande, ein strekning på ytterlegare 10 kilometer.
I mellomtida hadde kona mi fått hjelp av ein annan trafikant som meinte at det var ugunstig å stå slik midt i tunnelen. Ho forklarte at eg var ute for å skaffa bensin, men han tilbydde seg å slepa bilen ut av tunnelen og ned til bensinstasjonen. Også ho hadde kun kontantar, og fekk i utgangspunktet ikkje fylt bensin på tanken, men sjåføren i den andre bilen tilbydde seg å bruka sitt eige bankkort, og så kunne ho betala han i kontantar.
På dette tidspunktet var alle happy, meir eller mindre. Eg hadde fått bensin og var på veg til der eg trudde bilen var. Bjarnhild hadde også fått bensin men lurte på kvar eg var og kvar eg ville dukka opp. Det sikraste var nok å kjøre gjennom tunnelen att (både nord- og sør-over) og stilla seg opp like utanfor tunnelopninga, for uansett måtte eg jo tilbake dit.
På same tida ver eg på veg tilbake i nord- og sørgåande løp, men fann naturleg nok ingen bil. Eg bad derfor mine reddande englar om å setja meg av på den første bensinstasjonen, for uansett kva som hende, så vart det det sikre punktet å dukka opp på. Kona mi på si side stod ganske snart etter rett utanfor tunnel-løpet og venta på at eg skulle koma henne i møte der sidan det var einaste vegen til det sikre punktet i tunnelen.
Slik vart me ståande. Ganske lenge. Frå tid til anna gjekk eg til næraste telefonkiosk for å ringa heim. For eg tenkte at dersom ho ikkje kom til bensinstasjonen, måtte ho til slutt heim. Det begynte også å verta seint, og gutten i baksettet burde vore i seng. Til slutt innsåg ho også at det var ingen vits å stå der å venta. Ho resite derfor heim og kunne ta telefonen når eg ringte heim frå telefonkiosken (for 3. eller 4. gong).
Historia enda bra. Alle visste kvar alle var. Eg måtta ta bussen heim. Bussjåføren var ikkje heilt happy med bensin som håndbagasje, men eg gav han kortversjonen av historien og fekk både sympati og reiseløyve.
Omlag fem år seinare kjøpte me mobiltelefon.
onsdag 7. oktober 2020
Frekvent blogging
Frå eg starta denne bloggen i 2009 har eg lagt ut jamt over 2 innlegg i året og har hatt intensjonar om å forsetja med det, så når eg no ser at innleiinga til mitt førre innlegg for snart 2,5 år sidan inneheld teksten "Eg har sikkert noko meir hyggeleg å skriva om om eit halvt års tid eller så.", ser eg at både denne setninga viser seg å ikkje heilt halda stikk samt at progresjonen på 2 innlegg i året har fått ein knekk og vel derfor å pynta på det litt med å leggja ut eit innlegg (i den grad det er mogeleg) som består av ein kronglete setning som kort oppsummerer tida sidan sist ved i korte trekk å nemna at eg har fått to barnebarn og bytta jobb fire gongar (sjølv om det første av desse to barnebarna og det første av desse fire jobbskifta kom før nevnte innlegg).
torsdag 7. juni 2018
Oppkast er skikkeleg kipt
Dette innlegget handlar om oppkast, altså rein og skjær vrenging av mageinnhald. Dersom du ikkje ønskjer å lesa om slikt, bør du stå over. Eg har sikkert noko meir hyggeleg å skriva om om eit halvt års tid eller så.
Men altså; i natt har eg erfart at oppkast er skikkeleg kipt. Det er mange ting eg heller ville gjort enn å henga over doskåla og vrenga av meg det som har lagt og ulma heile dagen i forkant.
I tillegg til at det er både slitsomt, ekkelt og ubehageleg, så kjem det som regel når kroppen er skikkeleg i ulage. Eg hadde det siste halve døgnet prøvd på vanleg måte å kvitta meg med innhaldet som plaga meg, men utan det heilt store resultatet, og utan at magen kjendes betre. Eg kjende meg dessutan nesten litt småkvalm, men antok det var mest ubehag som følgje av magesmertene. Derfor orka eg rett og slett ikkje tanken på å kasta opp i tillegg.
Men sånn nesten halvvegs ut i natta, sa kroppen at eg ikkje hadde noko valg. Her var det innhald som måtte ut. Og når det ikkje kjem ut den vanlege vegen, er det berre å trekkja det tilbake same vegen som det kom inn. Om ein kjenner at ein orkar slikt eller ikkje, har tydelegvis ingenting å sei. Ut skulle det, og det gjorde det til gagns.
Når ein då sit der og vrenger seg er det jo naturleg for enkelte å fabulera litt. Og i mitt tilfelle kom eg til at det er så mange ting eg heller kunne tenkt meg å gjort en akkurat dette. T.d. administrera innkomande og utgåande fakturaer, streva med dårleg tilpassa offentlege kommunikasjonsmiddel, stå i bilkø, vaska do og bad. Ja, til og med det å skriva handleliste må jo vera meir lystbetont enn å bedriva slik tilsynelatande meiningslaus aktivitet som ikkje eingong gjev utslag på aktivitets-appen på mobilen.
Ein times tid lenger ute i natta kan det kjennast som ei slags trøyst at magen kanskje er bittelitegranne mindre vond, og at eg kanskje får meg litt søvn før dagen melder seg. Det var vel det som var meininga, skulle eg tru. Men skikkeleg kipt et det uansett.
onsdag 13. september 2017
Lagnaden til ei hodelykt
Første akt: laurdag 10. september 2016
Andre akt: fredag 8. september 2017
(halv akt: måndag 11. september 2017)
Tredje akt: onsdag 13. september 2017
tirsdag 30. mai 2017
Reiseblogg Gdansk
- Nei!
- Eh, kva sa du? Har du huska å ta med pass?
- Nei!
- Eh, då må du nesten kjøra heim og henta dei. Korhen er du no?
- I Knappetunnelen.
- Å!
Dag 1, Avreise - 24. mai
Reise
Ankomst
Mariakirken (Bazylika Mariacka) |
Rådhuset |
Dag 2, Gdansk - 25. mai
Her i Gdansk har me ingen planer, men startar å gå mot marinaen ved Motława. Då får me sjå hovudgata Dłluga og Dłlugi Targ i dagslys.
Flotte fasadar i Długi Targ |
Brua over kanalen med kjærlighetshengelåsar |
Marknaden Hala Targowa. |
Solidaritetssenteret |
Monumentet for dei falne skipsverftsarbeidarane |
Utsikta frå milenniumskorset (Krzyż Milenijny) |
Dette grøne huset |
Dag 3, Gdansk - 26. mai
"Legoland" aust for Mariakirken |
Monumentet på høgda |
Nigdy więcej wojny - Aldri meir krig |
Dag 4, Heimreise - 27. mai
Dagen startar med å pakka bagasjen. Kofferten var vel tung, og eg byrjar å leita etter bagasjevekta. Eg kan ikkje hugsa å ha sett den etter at eg tok den ut av sekken på jobben før avreise for å sjekka kva batteri den skulle ha. Jaja, den kan neppe vera meir enn 25-26 kilo, og garantert ikkje over 30, og grensa var på 32, så det bør gå.