torsdag 7. juni 2018

Oppkast er skikkeleg kipt

Obs!

Dette innlegget handlar om oppkast, altså rein og skjær vrenging av mageinnhald. Dersom du ikkje ønskjer å lesa om slikt, bør du stå over. Eg har sikkert noko meir hyggeleg å skriva om om eit halvt års tid eller så.

Men altså; i natt har eg erfart at oppkast er skikkeleg kipt. Det er mange ting eg heller ville gjort enn å henga over doskåla og vrenga av meg det som har lagt og ulma heile dagen i forkant.

I tillegg til at det er både slitsomt, ekkelt og ubehageleg, så kjem det som regel når kroppen er skikkeleg i ulage. Eg hadde det siste halve døgnet prøvd på vanleg måte å kvitta meg med innhaldet som plaga meg, men utan det heilt store resultatet, og utan at magen kjendes betre. Eg kjende meg dessutan nesten litt småkvalm, men antok det var mest ubehag som følgje av magesmertene. Derfor orka eg rett og slett ikkje tanken på å kasta opp i tillegg.

Men sånn nesten halvvegs ut i natta, sa kroppen at eg ikkje hadde noko valg. Her var det innhald som måtte ut. Og når det ikkje kjem ut den vanlege vegen, er det berre å trekkja det tilbake same vegen som det kom inn. Om ein kjenner at ein orkar slikt eller ikkje, har tydelegvis ingenting å sei. Ut skulle det, og det gjorde det til gagns.

Når ein då sit der og vrenger seg er det jo naturleg for enkelte å fabulera litt. Og i mitt tilfelle kom eg til at det er så mange ting eg heller kunne tenkt meg å gjort en akkurat dette. T.d. administrera innkomande og utgåande fakturaer, streva med dårleg tilpassa offentlege kommunikasjonsmiddel, stå i bilkø, vaska do og bad. Ja, til og med det å skriva handleliste må jo vera meir lystbetont enn å bedriva slik tilsynelatande meiningslaus aktivitet som ikkje eingong gjev utslag på aktivitets-appen på mobilen.

Ein times tid lenger ute i natta kan det kjennast som ei slags trøyst at magen kanskje er bittelitegranne mindre vond, og at eg kanskje får meg litt søvn før dagen melder seg. Det var vel det som var meininga, skulle eg tru. Men skikkeleg kipt et det uansett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar