onsdag 13. september 2017

Lagnaden til ei hodelykt

Soge om ei hodelykt i 3,5 akter, og stor takk til Nokas på Sartor! 

Første akt: laurdag 10. september 2016

Ein stor og festlig dag. Eg fyller 50 år og ei veke og markerer det med stor fest på Bibelskulen. Mykje gildt folk og mange flotte presangar, m.a. to hodelykter som også kan nyttast som sykkellykt.

Andre akt: fredag 8. september 2017

Som vanleg syklar eg til jobben, og brukar den veldig gode lykta som sykkellykt. Etter jobben skal eg rett til by'n på kulturnatt i lag med Bjarnhild. Eg syklar derfor rett ned på bussterminalen på Sartor, låser sykkelen til sykkelstativet, og springer til bussen. Etter mange flotte opplevingar i by'n spaserer me til Bjarnhild sin jobb der bilen står og kjører heim.

(halv akt: måndag 11. september 2017)

Eg er i Oslo på valdagen og anar ingenting om "dramatikken" rundt sykkelen. Jauda, eg har førehandsrøysta. 

Tredje akt: onsdag 13. september 2017

Etter 2 dagar på kurs i Oslo skal eg igjen på jobb på ImF på Sotra. Som vanleg går eg ut i boden for å henta sykkelen. Men der står det ingen sykkel. Hm, kan eg ha sett den i garasjen? Nei, ikkje der heller.

Då er det berre å gå inn på "Din tidslinje" på Google Maps og sjekka korhen eg sykla sist. Google trur at eg har sykla til jobben og etter jobb kjørt bil innom Sartor og deretter til by'n, men er legger til litt hukommelse og forstår at eg nok har sett frå meg sykkelen på Sartor for nesten ei veke sidan. Eg satsar på at den står trygt, og spaserer til jobb med planer om å henta sykkelen etter jobb.

Etter jobb spaserer eg ned på Sartor for å henta sykkelen. Då eg svingar inn på bussterminalen ser eg at sykkelen står akkurat der eg sette den frå meg. Eg låser opp låsen og har akkurat festa den til ramma, då deg ser at det også er festa ein gul lapp til ramma. Hm, tenkjer eg (omlag som eg gjorde om morgonen då sykkelen var vekke), er det ei åtvaring om at sykkelen har stått der vel lenge? Nei, det er info frå vaktselskapet: "Hei! Lykten din ligger på vekterkontoret. - Nokas".

Javel, tenkjer eg på veg mot vekterkontoret, er dette generell sykkelomsorg frå Nokas? Meir rekker eg ikkje å tenkja før eg bankar på og får utlevert lykta saman med den "dramatiske" soga lykta har vore utsett for to dagar tidlegare. Då har vektarane frå Nokas observert ein kjenning av politiet som er nekta tilgang til senteret grunna stadige tjuverier. Dei ser at han har med seg to syklar (ikkje min, den står trygt låst), og har stø kurs mot sykkelstativet. Dei varslar politiet og følgjer med på kva mannen har i gjære. Han startar med å fjerna alle lause gjenstander frå syklane som står der. Vektarane får då hjelp av politiet som får tatt mannen på fersken, og Nokas tek vare på lykta som såg litt dyr ut. 

Alt gjekk altså bra, men litt leit å tenkja på kva traumer lykta har vore utsett for utan at eg har ofra verken den eller sykkelen ein tanke. Og stor takk til Nokas som tok vare på lykta! Neste gong brukar eg heller tid på å ta av lykta sjølv om det skulle medføre at bussen kjører utan meg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar