mandag 20. oktober 2014

Foldnes kyrkjes søndagsskole forsøkt svindla for kr. 3000,-

Ja, eg veit ikkje korleis eg elles skal beskriva det. Kort fortald var eg oppringt i går, midt i søndagsmiddagen, av Det Norske Kartselskapet som ville bekrefta søndagsskulen sin adresse-informasjon. Hadde eg gjort det, ville søndagsskulen i realiteten ha takka ja til eit abonnement til kr. 3000,- pr. år.

Teknikken er den tradisjonelle. Norske bedrifter vert kontakta for å bekrefta adresse-opplysingar. Ofte gjev desse inntrykk av å representera offentlege instansar og at dette er noko ein allereie er med på og må betala for. Det nye denne gongen er at dei kastar seg over små frivillige lag som kun har registrert seg i Brønnøysund for å få vidareført organisasjonskonto i banken. Dette er skremmande.

Denne gongen var det altså Det Norske Kartselskapet som ringte og sa at dei arbeider på oppdrag frå Kartverket med å plotta inn GPS-data for norske bedrifter. Dei ville vita om eg var leiar for Fodnes Kyrkjes Søndagskole og om vår adresse-info var korrekt. Rett nok har søndagsskulen bytta leiar, men det er enno ikkje oppdatert i Brønnøysund, så eg gjorde det enkelt og bekrefta begge deler. Mannen frå Kartselskapet presterer deretter å sei at han er litt religiøs sjølv, men har aldri høyrd om søndagskulen. Litt patetisk å prøva å skapa ein jovial tone på såpas tynt grunnlag, men me snakkar litt om kva søndagsskulen er. Så spør han om me ønskjer å ha med logo eller om me kun ønskjer standard-oppføringa til kr. 3000,-.

Det er her eg verkeleg byrjar å lura og vil forsikra meg om dette innsamling av obligatorisk offentleg info. Eg refererer til andre firma som gjev intrykk av at dei vil bekrefta adresse-info, men i realiteten lurer bedrifter til å betala for oppføringar dei verken ønskjer eller har behov for. Han forsikrar då at dette er på oppdrag frå Kartverket. Eg spør om det er obligatorisk å vera registrert og betala desse kr. 3000,-. Han seier at det går sjølvsagt an å sletta oppføringa vår, men då vil ingen finna oss på GPS-en. Hadde eg ikkje vore spesielt våken kunne eg lett ha takka ja til ei teneste me absolutt ikkje har bruk for og søndagsskulen hadde gått konkurs innan kort tid.

Stikkordmessig gjekk samtalen omtrent slik:
- Hallo, jeg ringer fra Det Norske Kartselskap. Snakker jeg med Øyvind Angelskår?
- Det stemmer.
- Vi arbeider med innsamling av GPS-data for alle norske bedrifter på oppdrag fra kartverket. Stemmer det at du er leder for Foldnes Kyrkjes Søndagsskole?
- Ja, det stemmer.
- Er deres adresse 5141 Straume? Og har dere fått gateadresse?  (eg vert med ein gong skeptisk, for slike forespørslar plar ofte vera eit skjult spørsmål om å abonnera på ei eller anna opplysingsteneste)
- Vel, det er ei postboks-adresse, men me har inga fast adresse, så det er den som er oppført. Men me er knytt til Foldnes kyrkje, og dei har ei gateadresse.
- Jeg er litt religiøs selv, men har aldri hørt om søndagsskolen. Har dere skole hele dagen?
- Nei, det er berre under gudstenesta.
- Er det spesiell aldersgrense? Ville det se rart ut om jeg dukket opp?
- Ja, om du dukka opp utan barn ville det nok vore litt utaturleg.
- Har dere en logo dere vil ha med på oppføringen? Det koster bare noen hundre ekstra.
- Nei, me har ingen logo.
- Så dere ønsker kun standard-oppføringen til kr. 3000-
- Er dette ei obligatorisk oppføring? Det er mange som tek kontakt med bedrifter for å bekrefta kontakt-info, og så viser det seg at det berre er lureri og at dei melder seg på ordningar dei verken ønskjer eller trenger.
- Nei, vi arbeider på oppdrag fra Kartverket.
- Me er i alle fall ikkje er interessert i å betala kr. 3000,- for ei slik oppføring. Er dette obligatorisk?
- Nei, jeg kan slette dere, men da vil ingen finne dere på GPS.
- OK! Me trenger ikkje dette. Me ønskjer å slettast.
- Ja, vel. Da sletter eg dere. Ha en fin dag!

1 kommentar: