onsdag 2. juli 2014

Å, nei! Er det gratis fremdeles?

I førre veke overraska eg meg sjølv med dette spontane utbruddet. Det er jo i seg sjølv ei nokså absurd utsegn, men i den gitte situasjonen fall det heilt naturleg.
 
La det vera heilt klart: Dette handlar ikkje om ei teneste eller liknande som eg hadde håpt å tena pengar på og brått oppdaga at framleis skal vera gratis. Det er altså ikkje eit uttrykk for vonbrott over akutt vidareført manglande pengestraum.
 
Dette skriver seg tilbake til desember i fjor då eg på nytt innsåg at min mobil var klar for å verta erstatta. På den gamle hadde eg installert ein alternativ kalender, då den førehandsinstallerte mangla ei rekke valg som er nokså viktige i forhold til synkronisering av jobb-kalenderen i Outlook. Spesielt handla dette om ledige/opptatte tidspunkter og høve til å merka avtalar som private.
 
Stor var derfor begeistringa då eg oppdaga at den nye hadde begge desse funksjonane som standard og at avtalane hadde alle status-markeringane frå Outlook ("Ledig", "Opptatt", "Fraværende" og "Foreløpig").
 
Hurra.
 
Einaste skåret i gleda var at desse status-markeringane tydelegvis var omsett frå engelsk. Og neppe av ein nordmann. Ein nordmann ville ha sett den logiske bristen straks.
 
Eg prøvde å melda tilbake det avviket eg hadde funne, men HTC hadde ikkje noko mottak for slike tilbakemeldingar. Eg gjekk derfor inn på chat-en til HTC sin kundestøtte og la fram mine meiningar der. Avslutningsvis "sa" eg "Looking forward to the next update...".
 
Next update kom i førre veke. Eg rydda mobilen fri for app-ar som låg i vegen for oppdatering og sette i gang. Straks etter oppdateringa kasta eg meg over kalenderen for å sjå om dei hadde klart å omsetja "Free" med "Ledig":
 
 

"Å, nei! Er det gratis fremdeles?"
 
Heile chat-en med HTC kan spesielt interesserte sjekka her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar