mandag 11. januar 2010

Er Norge i ferd med å verta avkristna?

Enkelte er uroa for "avkristning" av Norge og ser på dette som eit mål for den raud-grøne regjeringa. Eg har sjølvsagt mine tankar om kva farge som er "farlegast" i førarsetet for dette landet, men det skal eg la liggja her.

Det eg imidlertid er overtydd over er at kristenfolket no er i ferd med å vakna. Folk ser at ein ikkje lenger kan la staten ta ansvaret for å spre den glade bodskapen. Eg trur dermed at me står framfor ein bønne-vekkjing med langt større gjennomslagskraft enn nokon lovbestent ordning.

Samstundes ser ein at ting rører seg i landet. Frå mange hald ser ein at t.d. profetier frå mange kantar av verda om Norge som eitt av fleire utgangspunkt for ei verds-vekkjing er i ferd med å tennast. Ein har også ein ny nettportal, omGud.net, som vil føra fleire søkjande inn mot etablerte kristne miljø.

Eg trur menighetar rundtom i landet må vera budde på ei ny tilstrøyming som ein ikkje har sett dei siste par hundre åra. Dersom alle kristne bur seg på det same, vil ein, uansett om ein ser på desse profetia som ekte eller ikkje, mobilisera bønne-Norge til personleg gudsliv og "nød" for dei rundt oss, slik at vekkjinga uansett kjem.

Norge er ikkje i ferd med å verta avkristna. Norge er klare for Jesus. Dette vil eg vera med på.

1 kommentar:

  1. Se, her, ja har pappa begynt med blogg, minnner meg om at det e stund siden eg har blogget...
    Må si eg liker denne idèen om Norge er klar for Jesus!! :D :D :D

    SvarSlett